Frå ei mark til ei anna
Det har alltid grodd godt rundt Magne. Der han gjekk, der vaks det. Han har gitt næring til bakkar, bygningar, folk og fe. Han har tent lys i mørke rom, og skapt liv der det før var stille. Han har opna grind og gard. Og hus og heim. Me er mange som har beita oss feite på Dønhaug. I Magne sin frie natur.
Ord kunne kastast høgt og hardt. Meiningar kunne serverast med spiss høygaffel. Og han kunne setta augo så djupt i deg at brillene brast. Men aldri i vond vilje. Alltid i formåls kraft. Han bar engasjementet sine lunger og lever på utsida. Magne visste at der det kokte, vart det mat. Og når det heile var ferdigkokt, så nøyt me det saman. Med varme klemmar og noko brennande i glaset. Med humør og latter. Alltid mykje latter.
Om Magne ikkje var einig i det me ville gjera, kunne han fint løysa det med å gjera det stikk motsette. For etterpå å skulda på høyrsla. Alt med sitt trill runde smil. Eit smil så sjarmerande at det stakk hol i all motargumentasjon.
Vilje og velvilje krev meir enn eit bankande hjarta. Det krev oppriktig engasjement, omsorg og forståing for andre. Det krev at ein let seg begeistra. Og ofte at ein byr på heile sin arbeidskapasitet. Magne bar i så måte velvilja sin fullkomne anatomi.
No har Magne rusla frå ei mark til ei anna. Dei får det godt dei som no har fått han inn i tunet. Frå eit sprudlande liv blant oss, til vårt felles skattkammer av minner. På den eine sida sit me att med ei svimlande tomheit. På den andre sida eit høglydt krav frå sjefen sjølv om å halda motet oppe. Halda fram. Om å ikkje kaste vekk energi på kva andre måtte meina om det ein gjer. Om å bruke tida på det som samlar oss. På å vera gode medmenneske. Slik Magne var.
Det er ikkje lett for oss i Festidalen å uttrykka eit stort nok «TAKK!» til deg, Magne. Me er deg evig takksam, og skal heidra deg for all framtid. Du kjem aldri til å forlata Festidalen. Du var eit ja-menneske for oss frå første sekund, til ditt siste. Me rett og slett hatar at du ikkje er blant oss lenger. Det er ikkje til å tru. Kvinnherad har mista ein unik kulturkjempar.
Når ein mann kan vera så raus som Magne har vore, så seier det noko om kven Magne hadde rundt seg. Ein familie som har latt han spela ut sitt heile register. Ein familie som har omgjort hans tidvise fråvære til eit felles nærvære for så mange. Kjærleik som kostar. Verdifulle offer som set spor. Resultat som er store, men stundom større for andre enn dei som ventar heime. Festidalenfamilien ynskjer å uttrykka si djupaste medkjensle til Anne Berit, Synnøve, Rannveig og Ragnvald, samt resten av slekta.
Festidalen-styret
Una, Lene, Åsmund, Eirik, Steinar, Jostein og Daidalos
Daidalos Dahle og Magne Huglen