|  |
| | | | | | | | | | | | | | Kontakt oss | | | Adresse | | Postboks 125 | | 5480 Husnes | | Telefon | | 40 44 47 56 | | Epost | | post@festidalen.no |
|
| | |
|
|
Takk for i år! |  | | Kaizers Orchestra |
| | | | Festidalen 2009 vart ein kjempesuksess. Ikkje alle detaljar er på plass enno, men me vonar å kunna sitja att med eit godt resultat etter å ha dekka restgjelda frå 2007. | | |  | | Åge Aleksandersen og Sambandet |
| Desse pengane skal forvaltast best mogleg ved å trygge framtida, samt investere i kurs og kompetanse for organisasjonen. Totalt sett var det over 3000 personar innom festivalen og det er nær ei dobling sidan 2007. Me er uttrulig stolte og glade for at så mange i år fekk med seg den festen det er i Uskedalen denne første helga i august. Det er ei stor gleda å lage festival i Kvinnherad Kommune, og me er sugne på å stå på vidare. Me rettar ein stor takk til alle dei frivillige som har stilt opp, nokre av dei for 6 året!, til bedrifter og privatpersonar som har støtta oss med utstyr og pengar og til alle dei som har kome med rosande ord før, under og etter festivalen.
|  | | Major Parkinson |
| |
Noreq AS fortener all honør for å bidra med sårt tiltrengte sponsorkroner og for å brøyte litt veg i Kvinnherad for å syne veg i profesjonell kultursponsing. Når det er sagt har me og mykje å forbetre oss på i kommunen vår. For å løfte arrangementa enda eit nivå opp på kvalitetsstigen, treng me eit enda breiare/større bidrag frå kommunalt hald (inkl fylke og stat) og frå næringslivet. Me ynskjer og å rose banda som spela hjå oss i år, desse gav alt og dei var og fulle av lovord om festivalen og publikummet her. Og Festidal - publikummet fortener all honnør, for ei stemning de skapte! Har me eit godt publikum og ein profesjonell festival, ynskjer fleire band å spele for oss. Kven veit kven som kjem til Festidalen 2010..?
|  | | Kobayashi |
| |
| |
Planlegginga av Festidalen 2010 er så vidt påbegynt. Så snart som råd skal vi informere om dato. Me utfordrar allereie no interesserte om å ta kontakt med oss for å melde si interesse til bidra for å gjere Festidalen 2010 til ein minst like stor suksess som årets utgåve. Me er på jakt etter bidragsytarar som kan ta på seg eit utal av oppgåver under festivalen. Det kan vere alt frå rigging, barbygging, campingdrift, marknadsføring og mykje anna. Nøkkelen til suksess over tid er å fordele arbeidsoppgåvene på fleire.
| | |  | | Norma Sass |
| |
Me kjem og sjølvsagt til å henvende oss til næringslivet og Kvinnherad Kommune så snart som råd er. Me vonar at arrangementet i år har vist at Festidalen er eit arrangement som er levedyktig og ei merkevare det er verd å støtte økonomisk. Ringverknadane frå festivalane i kommunen vår utgjer seg til mange millionar kroner, så sponsar ein festivalar hamnar mykje attende hjå næringslivet og i kommunekassa, samt at svært mange får ein kulturell opptur.
|  | | Robert Smith-Hald og Fusas Finest |
| |
| |
Til slutt ei lita utfordring; har du forslag til ting me kan forbetra oss på, band du vil oppleve i Uskedalen, idear som kan utvikle Festidalen, tja.. sit du rett og slett på kreative forslag er vi lutter øreJ. Send ditt forslag til sveinung@festidalen.no Beste ide eller forslag vert premiert!
| | | |
| | | |
Ha ein strålande, rocka haust!
| | | |
| | | |
Beste helsing
Styret i Festidalen
| | | |
Sveinung M. Pile, Daidalos Dahle, Eilif Myklebust, Eirik Sævareid, Kathrine Haugland, Yngve Holmsen, Odd Henning Saghaug og Hege Sætveit Eikenes. | | |  | | The Disciplines. Alle foto: Knut A. Myklebust |
| | | | | |
| |
|
|
| Siste nyhende | | | | 15.03.2010 | Festidalen 2010 | Det vert dessverre ingen festival i 2010, men vi vonar å koma sterkare tilbake i 2011! | | 21.12.2009 | Julefest på Dønhaug! | Billettsalet til Julefesten er no i full gong. | | 06.09.2009 | Biletegalleri | Me har no lagt ut bilete frå Festidalen 2009. Bileta finn du her! | | 20.08.2009 | Takk for i år! | Festidalen 2009 vart ein kjempesuksess. Ikkje alle detaljar er på plass enno, men me vonar å kunna sitja att med eit godt resultat etter å ha dekka restgjelda frå 2007. | | | | | | Samarbeidspartnarar | | | | | Annonser | | | |
|
| |
| Dynamiske websider: iDrift AS Design: Gaute Haugland |